Tredje dag i pappapermisjon

I dag har vi brukt ein del tid på veven (eg trur eg likar å kalle det for veven). Eg tenkte det var på tide at han minste vart presentert for sjølvaste veven.

I morgon skal han lære noko anna. Eg veit ikkje kva, men eg kjem nok på det etter kvart.

På veven besøkte vi andre som hadde permisjon og skreiv om det på veven sin (egentleg skreiv dei om det på bloggen sin, men eg kjem ikkje på eit fint nynorsk ord for blogg. Vev er finare).

Dei fleste som har permisjon og skriv om det på veven er jenter, eller kanskje damer. Det veit ikkje vi heilt.

Permisjonsdamene på veven skriv om fine ting og så legg dei ut bilete av husa dei bur i. Og så legg dei ut bilete av ungane dei skal passe på mens dei har permisjon. Ungane er sikkert veldig heldige.

Bilete

Her er eit bilete av veggen vår.

Den har svarte striper. Det er fordi ungane sit på svarte stolar her i huset og så likar dei å gni stolane inntil veggen. Eg har ikkje tenkt å gjere noko med det før ungane flyttar ut av huset.

Advertisements

Éin kommentar

Filed under pappaperm

One response to “Tredje dag i pappapermisjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s