Litt før

Onsdag vakna han opp litt før seks. Han sto rett opp, satte på vatnkokaren, gjekk i dusjen og vaska seg grundig. Han tørka seg kjapt og fekk på seg nokre klede han hadde brukt dagen før.

Han drakk to koppar med varm kaffi mens han såg ut glaset på ripsbuskene til naboen. Han kunne sjå fleire raude bær. Det var ikkje andre folk å sjå der ute. Snart håpa han andre ville byrje på onsdag også.

Litt før sju skrudde nokon på eit lys i eit anna hus i nærleiken. Han reiste seg, gjekk bort til vindauga og såg ut. Det vesle baderomsvidauga hos naboen kasta ut nokre lysstrålar.

Torsdag vakna han plutseleg litt før seks. Han hadde drøymt og nokon i draumen hadde vekt han. Han låg heilt stille under dyna, såg i taket og prøvde å få tak på draumen att. Han huska ikkje noko, men han viste at ei hending i draumen hadde vekt han.

Dusjen brukte lang tid på å finne passande varme til han. Etter dusjen satte han på vatnkokaren og fant fram eit glas med kaffipulver. Han såg ut på nabohuset og håpa at nokon snart skulle stå opp der borte.

Litt før sju skrudde nokon på lyset på badet til naboen. Det vesle vindauga sendte ut nokre lysstrålar før dampen frå dusjen dempa lyset ned til noko difust.

Fredag vakna han litt før seks og kjente at han var kald. Han tusla til badet og skrudde på dusjen. På veg inn i dusjen høyrde han nokon banke på døra.

Det var tre bank. Tre ganske kjappe bank. Og så vart det stille. Han sto heilt stille. Høyrde lyden av dusjen, men ikkje noko anna. Ein forventing om tre nye bank på døra steig opp saman med dampen frå dusjen. Det kom ikkje fleire bank på døra hans.

Han skrudde av dusjen og gjekk naken bort til vindauga. Det var lys på badet til naboen. Nokon dusja der borte.

Laurdag vakna han litt før seks, men lot vere å stå opp. Han såg på seg sjølv i spegelen som fylte heile garderobedøra. Han tenkte attende på ting som hadde skjedd før.

Han snudde seg mot den andre veggen. Der hang det eit klassebilete frå ei tid han

nesten hadde gløymt. Han kjente det var kaldt i rommet. Han snudde seg mot spegelen att.

Søndag vakna han litt før seks, snudde seg mot spegelen og lukka augene att. Litt etter fant han fram til ein gamal draum han hadde grunna på lenge. I draumen sykla han langs ein grusveg som aldri slutta. Kvar gong han såg til høgre sykla det ein mann i cordbukser forbi. Mannen i cordbuksene nikka til han og sykla vidare. Han vakna brått litt før ti. Det var kaldt i rommet

Måndag vakna han litt etter seks. Det var mørkt i det vesle vindauga til naboen. Han vart ståande og vente på at nokon skulle skru på lyset. Litt etter ni kjente han at han fraus. Han hadde ikkje klede på og det var fortsatt mørkt hos naboen. Han gjekk til døra, tok på seg tøfler og rusla over hagen mot naboen.

Han banka tre gonger på døra og venta på at noko skulle skje. Det var heilt stilt og han kjente at han fortsatt var kald. Han lot vere å banke fleire gonger og gjekk heim.

Heime var det varmt. Han såg at det var lys i baderomsvindauga til naboen. Nokon dusja der borte. Han gjekk inn i dusjen og vaska seg grundig.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under forteljing

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s