Siste pappapermdag

Kl2130 åpna eg ei flaske vin for å feire noko eg ikkje var heilt sikker på om eg skulle feire med ei flaske fin vin.

Kl1430 henta eg minsten i barnehagen. Det var berre flaks som gjorde at eg tok med meg rett minsten heim. Alle dei små ungane hadde måla seg i andlete fordi det var karnevall. For det blir ikkje karnevall om ein ikkje kan måle seg i andlete. Helst med mangen fargar.

Kl1100 i dag fant eg ut at dette var siste dag i pappapermisjon. Det var like greit å komme fram til denne konklusjonen så tidelig på ein fredag. Eg trengte resten av dagen til å gjere andre ting. Kunne ikkje berre tenkje på pappaperm heile dagen heller.

Kl1900 var eg på teater. Det er ikkje ofte eg er på teater. Det er nok derfor eg gleda meg litt. Men dei banna så mykje på teater. Trur ikkje junior hadde godt av det.

Kl1200 i dag la eg eit brev til NAV i postkassa der eg ba om lov til å byrje jobbe på måndag att. No reknar eg med NAV handsamar søknaden i helga og ringer meg søndag kveld med beskjed om at eg kan få lov til å gå attende på jobb.

Kl0830 i dag leverte eg minsten i barnehagen. Han gleda seg. Dei skulle måle seg i andlete. Dei skulle ete pølser og. Minsten skjønte at det var mykje moro i vente.

Kl2230 sovna eg i sofaen. Realitetane vart lagt under sofaen.

Kl0900 lurte eg på kva eg skulle finne på i dag. Eg ville prøve å komme fram til ein heilheitleg plan for dagen.

Kl1300 kjøpte eg sparkel og pussepapir. Det passar å byrje på ein prosjekt no som eg IKKJE skal ha meir fritid heime. Eg kan bruke kveldana og helgane til å sparkle. Tur eg skal sparkle heile huset. Kva som skjer etter sparkel er eg meir usikker på.

Kl1056 vurderte eg å gå på jobb sjølv om eg er i pappaperm.

Kl2140 smakte vinen veldig fruktig.

Kl0600 vakna minsten og var svært så klar for fars havregraut.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s