alkohol på Ikea

Eg visste kva eg gjekk til. Eg visste kva eg hadde i vente. Men eg berre måtte. Eg måtte fikse ein del ugjorte ting.

Laurdag måtte eg på Ikea midt på dagen. Sidan dei faktisk ikkje har alt på Ikea (!) måtte eg vidare på Alna-senteret etterpå. Det også ganske midt på dagen. Grusomt. Alle dei andre er der også. Men hovudproblemet er ikkje mengden folk. Problemet er det dårlige humøret folk tar med seg på butikken. Folk tutar, veivar og hyttar med nevane, snakkar rart (eller stygt) til kona si, eller nedverdigar mannen med usømmelege kommentarar.

– Denne kunne passa inne på kontoret, kjære, høyrer eg ein mann seie til ei dame mens han peikar på eit beskjedent møbel som kan vere med å sortere livet hans.

– Den er jo heilt grusom, den kan du ikkje kjøpe og dra med deg inn i mitt hus, svarar dama kjapt før ho tar frå han handlevogna, svingar seg forbi nokre skrikande ungar og plutselig ligg minst ti meter framfor han i løypa. Eit godt og effektivt rykk om ein skal sjå det heile med sportsbrillene på. Mannen står skuffa att og må bite i seg opp til fleire fargerike setningar han kunne tenkje å levere attende til dama som har forlatt han.

– Men den var jo litt praktisk, då, er det einaste han klarar å svare der han står attende, åleine.

Eg lurer på om laurdagsroen kjem til å finne seg til rette i den heimen. Kanskje Grand Prix kan hjelpe på det heile?

IKEA (CC) from Flickr by yassan-yukky

Ein annan familie på folkevandring blant utstilte sofaer på Ikea har med seg minst to barn. Kan hende ein burde innføre ein eller annan form for aldersgrense på Ikea, tenkjer eg. Barna er leie. Dei har sikkert vore der i mange timar. Det var fullt i herberget. På Ikea er herberget fylt med farga plastikkballar.

– Kan du halde att munnen din? No har eg høyrt på maset ditt sidan vi kom inn døra her, seier mora litt for høgt til det eine barnet. Alle i ein femtenmeters omkrets føler seg truffe av mora og held munnen godt lukka. Det blir litt for stille i sofaavdelinga på Ikea.

– Men mamma, kan vi ikkje sjekke om det er ledig på ballrommet no? Så kan du handle for deg sjølv mens vi leikar der? Og så kan du hente oss etter at du har betalt og pakka i bilen? Mamma? Mamma? Kan vi ikkje sjekke om det er ledig? Mamma? Ballrommet? Eg er tyste? Mamma?

– No klappar du att kjeften din elles kan du gløyme både snop, barneteve, vener, bestevener, eiga seng og klede dei neste fem åra.

– Eg vil heime til pappa og sparkle veggen, mamma. Kan eg få sparkle veggen heime saman med pappa, NO, mamma?

Eg trur Ikea kunne hjelpt oss alle, eg tenkjer på samfunnet som ein heilskap her, om dei hadde innført aldersgrense og byrja selje alkohol. Det kan sjå ut som om alkohol er den einaste redninga. Ein drinkdispencer i kvar møbelavdeling. Trur Ikea ville ha auka omsetninga si også. Og så ville folk ha vore blidare og hyggeligare.

Advertisements

Éin kommentar

Filed under meiningar

One response to “alkohol på Ikea

  1. Tilbakeping: Stor trafikk til bloggen min « Jazzyhal

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s