Endeleg ny lærarutdanning

Endeleg tek Regjeringa grep om lærarutdanninga. I dag skal ministaren for høgare utdanning, Tora Aasland, legge fram stortingsmeldinga om ny lærarutdanning. NRK har allereie plukka opp ein del av innhaldet – «Tøffare for lærarstudentar» NRK 6. feb 09.school1

 

Eg er sjølv utdanna allmennlærar og kan i følgje papira mine undervise frå 1. til 10. klasse. Det seier seg sjølv at det er stor forskjell mellom barn og pedagogikk i småskulen og ungdomsskulen. Eg var også så heldig å få vere med å evaluere heile allmennlærarutdanninga saman med NOKUT og la i september 2006 fram ein fyldig rapport med mange gode råd.

Ein av dei viktigaste råda vi kom med var å utvide  lærarutdanninga til fem år. I dag er det norske utdanningssystemet bygd opp rundt modellen 3 + 2 (bachelor – master). Det er derfor heilt unaturlig at ei utdanning skal ha ei heilt anna oppbygning. Det måtte i tillegg gjerast så mange store grep for å gjere utdanninga betre at vi i evalueringskomiteen ikkje såg anna muligheit enn å utvide utdanninga for å få plass til meir innhald (meir praksis, meir pedagogikk, større fokus på enkeltfag).

Tora Aasland ønskjer å  stille høgare krav til studentane. Det er absolutt på sin plass å stille høgare krav. I dag kan ein komme seg gjennom utanninga om ein har puls. Men Aasland må huske på at krava blir ikkje heva av ein stortingsmelding, av ein ny modell for lærarutdanning eller fine ord frå ministaren. Det er dei som underviser i utdanninga som kan stille krav. Og utan dei med på laget er eg redd ein skal sjå langt etter kvaliteten.

 

Eg kjem til å oppdatere denne bloggen når stortingsmeldinga offentleg.

 

bilda er henta frå Flickr og teke av Rob Shenk og har ein Creative Commons-lisens.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s