Staten delar på reiserekninga

 

 

Reiseregningen.no

Reiseregningen.no

 

 

Eit mykje brukt skjema, uansett kor du jobbar, er reisrekninga. Eg har sjølv vore borti ein del forskjellige versjonar i alle mulige variasjonar.

No skal Fornyings- og administrasjonsdepartementet ha mykje skryt for arbeidet med www.reiseregningen.no. Kjeldekoden er lagt ut til fri nytting. No kan reiserekninga delast med andre og utviklast vidare.

Departementet spør til dømes om kanskje noko vil prøve å knytte skjema opp mot GPS. I tillegg reknar eg med nokon utviklar ein versjon for iPhone snart. Tilknytinga til GPS kan bli endå enklare.

 

Neste arbeidsoppgåve for departementet er å utvikle ein jobbsøkarapplikasjon. For oss som har søkt litt jobb dei siste åra byrjar fingrane å knirke etter å ha fylt ut 389 forskjellige online jobbsøkerskjema. Det er grenser for kor ofte eg orkar å taste inn personlege data.

Dette er eit tema kommeriselle aktørar jobbar med gjennom openID og data portability på globalt plan. Det er snart slutt på at du fortel kvar webteneste/sosiale plattform du vil henge med kva du heiter, kva du likar, kven du kjenner osv. No blir det opna for å ta med identiteten og personinfo på tvers av tenester og plattformar. Spennande!!!

 

OpenID

OpenID

DataPortability

DataPortability

Advertisements

3 kommentarar

Filed under jobb, meiningar

3 responses to “Staten delar på reiserekninga

  1. Tilbakeping: links for 2008-12-18 : Pål Hivand | blog

  2. Johannes

    Der tror jeg jaggu staten allerede er i gang. Hvis du søker på jobb i et departement legger du din cv inn i systemet, og der blir den liggende til neste gang du søker.

    Men en søknad må nok skrives på nytt hver gang uansett. Den skal jo vise forholdet mellom deg og den nye jobben. ..

  3. jazzyhal

    jau, men om du skal søke kommunar og fylkekommunar eller andre offentlege arbeidsplassar oppdagar du ein flora av system. Ein god del av informasjonen i ein søknad forandrar seg aldri: personalia, utdanning, arbeidserfaring osv

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s