mai 6, 2009

Flesland

I ein innkapsla boblestol sit vi som ventar lenger enn dei andre på at tida skal komme fram til oss og sende oss opp i lufta mot nye høgder og nye byar. Eller kanskje vi berre skal heimatte. Vi som ventar har med vår eigen personlege datamaskin som vi kan trykke på slik at vi får gjort ting og registrert det heile som jobb. Vi er av dei heldige vi, vi som har eigen datamaskin, boblestol og arbeid vi må få gjort til vi kjem fram, eller heimatte.


Flesland 1
Flesland2

april 17, 2009

Ashton Kutcher har over 1 mill følgjarar på Twitter

@aplusk på TwitterI dag byrja eg arbeidsdagen med litt nerde ting, eg innrømmer det glatt. Ashton Kutcher (@akuls) og CNN har den siste tida hatt ein konkurranse på gang om kven som fyrst skulle få 1 millionar følgjarar (followers) på Twitter. I dag, ca kl0820, gjekk Ashton over målstreken. Alt direkte på nettet, sjølvsagt, via ustream.tv.

I gleden over seieren snakka Ashton masse om ein mediarevolusjon og den nye mediaverda. No veit eg ikkje om media endrar seg så mykje med at ein kjendis har fleire tilhengjarar enn CNN. Det er klart at media endrar seg, men eg trur nok ikkje dette var så stort så mange vil ha det til.

Det er uansett ikkje tvil lenger, Twitter er blitt allemanseige og ikkje berre ein nerde ting. Sjå berre alle politikarane eg har samla her. No er det ikkje alle av desse som heilt har skjønt greia endå, men håpar dei lærer fort.

CNN fortel verda at Ashton vant

Ashton Kutcher direkte på ustream.tv

@jazzyhal

april 15, 2009

Jobb og ferie

Jobb og ferie

april 3, 2009

Debatt om debatten

I går, torsdag, tok eg del i debattmøte “Hvordan hever vi kvaliteten på nettdebatten?” arrangert av NONA – nettverk for oss som jobber med nettmedier. Ein god porsjon folk, dei aller fleste frå mediahus, tok aktiv del i debatten om debatten. På Twitter kan ein følgje etterdebatten via #NONA

Ein eldre offentleg debatt (From Flickr by IdleMindedLee (CC))

Ein eldre offentleg debatt (From Flickr by IdleMindedLee (CC))

Nokre umiddelbare tankar dagen der på

Media og kanskje politikarar må bli flinkare til å peike på, løfte fram og applaudere gode innlegg og meiningsytringar på nettet. I debattkaoset, som ofte kan opplevast som kloakk, finst det faktisk ein del gode og konstruktive innlegg. Ved å framheve desse vil ein heve standaren.

Politikarar og andre “proffe debattantar” bør i aukande grad ta del i nettdebattane. Journalistar bør følgje debattar som utviklar seg under eigne saker og følgje dei opp etter behov. Politikarar bør lytte på det som skjer og i aukande grad vere med i dialogen. På denne måten vil kvaliteten bli heva.

Som med så mykje anna i denne verda bør det vere eit mål at den gode debatten kan føre til noko positivt og konstruktivt. Gode tankar og idear bør tas med vidare, gode og finpussa argument bør løftast opp, nye kreative forslag bør vurderast. Her har media og dei som står bak forum eit ansvar. Om nettdebatten blir haldt nede og isolert vil det fortsatt berre vere ein kloakk der alle får sjansen til å velte ut sin vrede og anger over verda.

Det vil, som Brenna påpeika i går, alltid vere idiotar der ute. Vi blir ikkje kvitt ekstremistar, men vi kan snu oss vekk og sjå på andre. Vi kan la dei rope åleine ute i skogen og heller fokusere på dei konstruktive gode debattane.

Nettdebatten er i ferd med å bli den nye samfunnsdebatten. Her handlar det om å hengje med.

Delingsdebatten (From Flickr by Geoff... (CC))

Delingsdebatten (From Flickr by Geoff... (CC))

 

God fredag

 

april 1, 2009

Politikken.info

politikken.info

Min gode venn Håvard Eide (@eide) har samla saman ein del politiske RSS’ar på ei eiga side – politikken.info. RSS’ane er henta frå partia sjølv, media og politikarar på Twitter. På sida kan ein til dømes hente ut ein eigen Politikere-på-Twitter-RSS. Twitterlista er henta frå denne oversikta eg har laga på denne bloggen.

 

Eide tek stadig imot nye idear på korleis han kan utvikle sida.

Kanskje ein burde kunne kommentere dei enkelte elementa som kjem inn? Sortere etter parti? Hente inn kommentarar som kjem på dei politiske bloggane?

mars 31, 2009

Ein gledens dag! Stoltenberg følgjer med meg

Eg er kry, stolt, overvelma, varm i kroppen, litt nervøs og yr i kroppen etter at eg fekk denne e-posten frå sjølvaste statsministaren (okai, via Twitter, men likevel):

 

E-post frå Jens til meg!

E-post frå Jens til meg!

Oversikt over politikarar på Twitter

Og eg er @Jazzyhal på Twitter

mars 31, 2009

Anbefalar alle som skriv på nett…

… å lese denne artikkelen frå Ordlysten. Drammens Tidene har komme fram til nokre retningslinjer for god nettredigering. Her har alle som skriv for nett mykje å lære

Drammens Tidene

mars 24, 2009

Dagens ord: Nepe

Fordi det er ein fint ord å ha i munnen. Nepe kan ein også bruke om sine medmenneskjer, både på ein fin og ein ikkje så fin måte.

 

From Flickr by m kasahara (CC)

From Flickr by m kasahara (CC)

 

 

Wikipedia:

Vanlig nepe (Brassica rapa ssp. rapa) er en underart av nepe og tilhører korsblomstfamilien. Nepe eller matnepe brukes som regel som betegnelse om de varianter som spises av mennesker. De som brukes som dyrefôr kalles turnips.

mars 23, 2009

Terror, religion, politikk, hat, media

 

From Flickr by Rishi S

From Flickr by Rishi S (CC)

Vi skal ta med oss vidare det Jørn Holme sa under dialogmøtet på Litteraturhuset søndag 22. mars. Holme er PST-sjef og sa følgjande:

 

- Men folkens, terror rammer ikke det vestlige Europa, til forskjuell fra andre. 90 prosent av alle som er ofre for terrorangrep, er muslimer selv. Terror handler ikke om religion, men politikk. Det må vi snart skjønne.

- 85 prosent av hatkriminaliteten i Norge begås av norske nordmenn.

Sitata er hente frå Aftenposten 23. mars

 

Som Klassekampen påpeika førre veke er det interessant å sjå kor populære sånn debatt/dialogmøte er blitt den siste tida. Dette viser at folke ønskjer ein grundig og djupare debatt rundt vanskelige tema. Og det viser at media ikkje klarar å føre denne debatten på ein god måte. Snart må media skjønne at tabloid ikkje er den einaste framgangsmetoden for å selje. Sjå til Morgenbladet som klarar å selje med eit heilt annan innhald.

februar 28, 2009

Deilig dag ute i sola

Barnebursdag ute i vintersola.