juni 29, 2009...9:29 pm

beina i fjorden

Hopp ned til kommentarane

ein blogg skal aldri byrje om at ein bloggar for lite eller at det no er lenge sidan sist ein har blogga.

ein blogg skal helst ikkje byrje som ein blogg, men finne seg til rette i eit bloggrammeverk av det finaste slaget og helst stikke seg ut slik at klikk-statistikken gjer ein sjølv stolt som ein hane.

sommerbein

Eg har byrja på ein ferie. Kan hende eg trengte det no. Etter fram og attende og ein busstur saman med junior, er eg trygt plassert heime hos mor og far. Her får eg fleire overdosar frisk luft, god mat og fleksitid. Her får eg klyppe hekken, måke slam, plukke bær, køyre pickup og leike.

Kan hende eg er for gammal for det meste, og for ung (i sinnet) for alt det andre som ikkje er det meste. Kan hende ein ikkje burde vere så veldig naiv. Eg trur likevel sommaren vil varme godt opp, legge til rette og gjere hausten klar for fleire utfordringar.

Éin kommentar


Legg att eit svar