april 3, 2009...8:01 am

Debatt om debatten

Hopp ned til kommentarane

I går, torsdag, tok eg del i debattmøte “Hvordan hever vi kvaliteten på nettdebatten?” arrangert av NONA – nettverk for oss som jobber med nettmedier. Ein god porsjon folk, dei aller fleste frå mediahus, tok aktiv del i debatten om debatten. På Twitter kan ein følgje etterdebatten via #NONA

Ein eldre offentleg debatt (From Flickr by IdleMindedLee (CC))

Ein eldre offentleg debatt (From Flickr by IdleMindedLee (CC))

Nokre umiddelbare tankar dagen der på

Media og kanskje politikarar må bli flinkare til å peike på, løfte fram og applaudere gode innlegg og meiningsytringar på nettet. I debattkaoset, som ofte kan opplevast som kloakk, finst det faktisk ein del gode og konstruktive innlegg. Ved å framheve desse vil ein heve standaren.

Politikarar og andre “proffe debattantar” bør i aukande grad ta del i nettdebattane. Journalistar bør følgje debattar som utviklar seg under eigne saker og følgje dei opp etter behov. Politikarar bør lytte på det som skjer og i aukande grad vere med i dialogen. På denne måten vil kvaliteten bli heva.

Som med så mykje anna i denne verda bør det vere eit mål at den gode debatten kan føre til noko positivt og konstruktivt. Gode tankar og idear bør tas med vidare, gode og finpussa argument bør løftast opp, nye kreative forslag bør vurderast. Her har media og dei som står bak forum eit ansvar. Om nettdebatten blir haldt nede og isolert vil det fortsatt berre vere ein kloakk der alle får sjansen til å velte ut sin vrede og anger over verda.

Det vil, som Brenna påpeika i går, alltid vere idiotar der ute. Vi blir ikkje kvitt ekstremistar, men vi kan snu oss vekk og sjå på andre. Vi kan la dei rope åleine ute i skogen og heller fokusere på dei konstruktive gode debattane.

Nettdebatten er i ferd med å bli den nye samfunnsdebatten. Her handlar det om å hengje med.

Delingsdebatten (From Flickr by Geoff... (CC))

Delingsdebatten (From Flickr by Geoff... (CC))

 

God fredag

 

Éin kommentar


Legg att eit svar