Josh Elman melder i dag (25.11.2008) på Facebook sin blogg om at teveseriar no blir tilgjengelege via applikasjonar på Facebook. Dette er ein venta skritt frå den store sosiale plattformen i det YouTube berre blir større og Hulu utviklar seg med lange skritt. Facebook har sjølvsagt valgt Hulu som leverandør. Ikkje eit dårlig valg for dei av oss som har sjekke ut Hulu via litt proxyhjelp.
Diverre for oss her i kalde nord er sånn tevenytt sjeldan til stor glede grunna alle dei tusen rettane som bli skrive i lange dokument av advokatar i USA.
Fyrst forsvant Pandora, så kom Hulu aldri til Noreg og no vil ikkje teve på Facebook heller underhalde oss. På tide at nokon her nord får ut fingeren og løyser opp i dette. Skulle tru Facebook sjølv hadde ein interesse av å opne dette for resten av verda.
Sjå berre til NRK korleis dei no opnar opp arkiva. Podkastar med musikk er ikkje anna enn veldig DIGG.
Uansett, med Facebook i gang med teveunderhaldning tek vi nok eit steg mot å seie hade til tradisjonell teve, flytte oss over på nett og kreve det vil vi ha når det passar akkurat oss. Gler meg til framtida.
