Det er interessant å sjå korleis aksjonsgrupper på Facebook meir og meir blir trekt fram som dømer på større (nasjonale)kampanjar i media.
Dei to siste sakene eg har merka meg:
1.
I Møre og Romsdal fylke er det komme forslag om å halvere elevplassar på musikklinjene i fylke grunna dårlig økonomi. Ein lokal engasjert musikar dannar ei Facebookgruppe og NRK Møre og Romsdal lagar ei forholdsvis stor sak ut av at gruppa har passert 1000 medlemar og at det er stor motstand mot kuttet i elevplassar.
Facebook-storm for musikklinjene (Romsdal budstikke 12. november 2008)
2.
NRK P2 melder om at AUF har danna ei Facebookgruppe mot at Lånekassa set opp studielånsrenta mens andre bankar setter ned renta (det er forresten ei god forklaring på dette sida Lånekassa ligg om lag eit halvt år bak. Kundane får forseinka rentestigning også, noko AUF ikkje aksjonerar mot. Men over til tema att). Aksjonsgruppa mot rentestiging danna av AUF har passert 1000 medlemar og får plass i nasjonal media.
3.
Andre dømer på Facebookgrupper:
- Facebook mot eiendomsskatt – Østfold – NRK Nyheter
- Albin får støtte på Facebook - Østfold – NRK Nyheter
- Nei til asylmottak på Facebook - Møre og Romsdal
- Gir blaffen i Facebook-aksjon – Nordland – NRK Nyheter
Altså
Facebook og Facebookgrupper er i ferd med å bli allemannseige og ”folkeaksjonar” er i ferd med å flytte seg på nett. Det er slutt på underskriftskampanjar i butikken og du kan med eit klikk vere for og mot det meste. Det er bra med engasjement, men eg trur terskelen no er så lav at eit mindretal veit kva dei er for og imot.
Mest overraskande er at media ukritisk brukar Facebookgrupper som eit barometer på opinionen sine standpunkt.
Oppdatert 25. november kl 08.15
NRK har lese bloggen min over og har i dag skrive ein artikkel om fenomenet Facebookgrupper som aksjonsform. Dei har spurt ein mediaforskar til råds. Dei kunne sjølvsagt berre spurt meg, og fått same svar (nesten).
