januar 30, 2010

Frode André Bjørkli (1978-2010)

Foto: Sjømannskirken

Frode André Bjørkli. Foto: Sjømannskirken

Onsdag 27. januar 2010 skjedde det noko svært trist. Eit helikopter styrta og gjekk gjennom isen like utanfor Horten. Fire personar omkom. Eg kjente den eine av dei fire. Forde André Bjørkli vart berre 31 år. Eg vart fyrst kjent med Frode André i 1997. Vi gjekk begge på folkehøgskule saman. Etter dette møttes vi både tilfeldig og ikkje så tilfeldig i hovudstaden. Han jobba i eit eventbyrå. Eg fikla rundt som lydteknikar.

Det var berre gode ting å seie om Frode André. Eg såg han aldri med ei sur mine. Alltid eit smil. Ikkje berre eit smil, men ein hinsides latter i tillegg. Ein latter som var farlig smittsam. Og så kunne fyren syngje også (DB 28.01.10).

I kveld kom eg på noko eg heilt hadde gløymt. Ragnhild H. skreiv på tavla til Frode André på FB:

“Jeg vil aldri, aldri glemme våre fine år, alltid huske dine smil som om det var i går” - Fra “Bli hos meg” (1995), tekst og melodi Frode André Bjørkli.

På folkehøgskule arrangerte vi Grand Prix. Frode André stilte med sin eigen song “Bli hos meg”. Ein song rett ut av læreboka til Grand Prix. Etter at han gjekk av med seieren i den lokale Grand Prix tevlinga tok vi med oss songen i studio og gjorde ein elles kjapp og grei innspeling. Den kan du høyre her: Bli hos meg

Elles kan høyre andre ting av Frode André på MySpace sida hans: http://www.myspace.com/frodeandre

Det er så ufatteleg trist at nokon som er så gode skal måtte forlate oss på denne måten så altfor tidelig. Heldigvis sitter det mange att med massevis av gode minner. Frode André lever liksom vidare på den måten.

Kvil i fred, Frode André

januar 26, 2010

alkohol på Ikea

Eg visste kva eg gjekk til. Eg visste kva eg hadde i vente. Men eg berre måtte. Eg måtte fikse ein del ugjorte ting.

Laurdag måtte eg på Ikea midt på dagen. Sidan dei faktisk ikkje har alt på Ikea (!) måtte eg vidare på Alna-senteret etterpå. Det også ganske midt på dagen. Grusomt. Alle dei andre er der også. Men hovudproblemet er ikkje mengden folk. Problemet er det dårlige humøret folk tar med seg på butikken. Folk tutar, veivar og hyttar med nevane, snakkar rart (eller stygt) til kona si, eller nedverdigar mannen med usømmelege kommentarar.

- Denne kunne passa inne på kontoret, kjære, høyrer eg ein mann seie til ei dame mens han peikar på eit beskjedent møbel som kan vere med å sortere livet hans.

- Den er jo heilt grusom, den kan du ikkje kjøpe og dra med deg inn i mitt hus, svarar dama kjapt før ho tar frå han handlevogna, svingar seg forbi nokre skrikande ungar og plutselig ligg minst ti meter framfor han i løypa. Eit godt og effektivt rykk om ein skal sjå det heile med sportsbrillene på. Mannen står skuffa att og må bite i seg opp til fleire fargerike setningar han kunne tenkje å levere attende til dama som har forlatt han.

- Men den var jo litt praktisk, då, er det einaste han klarar å svare der han står attende, åleine.

Eg lurer på om laurdagsroen kjem til å finne seg til rette i den heimen. Kanskje Grand Prix kan hjelpe på det heile?

IKEA (CC) from Flickr by yassan-yukky

Ein annan familie på folkevandring blant utstilte sofaer på Ikea har med seg minst to barn. Kan hende ein burde innføre ein eller annan form for aldersgrense på Ikea, tenkjer eg. Barna er leie. Dei har sikkert vore der i mange timar. Det var fullt i herberget. På Ikea er herberget fylt med farga plastikkballar.

- Kan du halde att munnen din? No har eg høyrt på maset ditt sidan vi kom inn døra her, seier mora litt for høgt til det eine barnet. Alle i ein femtenmeters omkrets føler seg truffe av mora og held munnen godt lukka. Det blir litt for stille i sofaavdelinga på Ikea.

- Men mamma, kan vi ikkje sjekke om det er ledig på ballrommet no? Så kan du handle for deg sjølv mens vi leikar der? Og så kan du hente oss etter at du har betalt og pakka i bilen? Mamma? Mamma? Kan vi ikkje sjekke om det er ledig? Mamma? Ballrommet? Eg er tyste? Mamma?

- No klappar du att kjeften din elles kan du gløyme både snop, barneteve, vener, bestevener, eiga seng og klede dei neste fem åra.

- Eg vil heime til pappa og sparkle veggen, mamma. Kan eg få sparkle veggen heime saman med pappa, NO, mamma?

Eg trur Ikea kunne hjelpt oss alle, eg tenkjer på samfunnet som ein heilskap her, om dei hadde innført aldersgrense og byrja selje alkohol. Det kan sjå ut som om alkohol er den einaste redninga. Ein drinkdispencer i kvar møbelavdeling. Trur Ikea ville ha auka omsetninga si også. Og så ville folk ha vore blidare og hyggeligare.

januar 23, 2010

Den nye dusken min

Her om dagen skjedde det noko rart. Nokon hadde varsla meg på førehand, men eg hadde gløymt det. Og så kom det heile ganske brått på meg. Eg fekk ei hue som var innpakka i grått papir og strikka av noko andre. Det beste med det heile var dusken. Tung som fire tomater, eller ein avocado. Dusken kan eg duske andre på t-bana med. Eller stange dusken inn i døra når eg skal gå inn på butikken for å kjøpe poteter. Potetene er ofte tyngre enn dusken.

Men det var altså denne hendinga som låg til grunn for den innpakka hua. Det skjer kvart år og kvart år blir eg like overraska og litt irritert. Det heile går for fort for meg. Eg har ikkje sjans til å hengje med lenger.

Så no tar eg på meg hua med dusken, går ut av døra og ber dei roe seg ned. Ber dei som har noko med det å gjere om å ta det litt med ro. Eg orkar ikkje dette tempoen mykje lenger.

januar 22, 2010

Mitt bidrag til legemiddelindustrien

John Has Swine Flu CC from Flickr by www.bettarthurphoto.com

Veit ikkje om eg vart lurt (A-magasinet 22.01.2010), men eg har i dag gjort slik myndigheitene har anbefalt meg. Eg har latt meg vaksinere mot svineinfluensa. Om det var for å få brukt opp dei mange innkjøpte vaksinedosane, eller faktiske hindre meg å få svineinfluensa veit eg ikkje noko om. Men slik ser mitt private økonomiske bidrag ut:

Kom to arbeidstimar for seint på jobb – ca 270kr

Eigenandel for vaksina – 150kr

Sum = 420kr

Eg håper staten, legemiddelindustrien og WHO nyttar seg av bidraget mitt på ein fornuftig og trygg måte. Måtte alle leve lenge og trygt i landet.

januar 15, 2010

Kamp

Nytt år i berg-og-dalbana. Snart kjem det ein ny person til verda som eg skal passe på.  Føler meg ikkje heilt klar for farsrolla att før eg har lese ferdig kampen til Knausgård. Karl Ove er min nye læremester. Min mentor. Det er ikkje berre hans kamp, det er min kamp også.

Her om dagen sovna eg etter å ha lese ti sider av kampen. Burde eg kanskje ta det som eit teikn? Burde eg vurdere å bytte bok?

september 21, 2009

Homer Simpson?

Er det berre eg som ser Homer Simpson?

Ultralyd1

Homer Simpson

august 30, 2009

UNGweb.no/val-09

ungwebDet skjer mykje på nettet under årets Stortingsval. Mykje spennande, mykje rart og mykje kjedelig. Eg ønskjer å peike på eit svært interessant prosjekt som går av stabelen i Møre og Romsdal.

Eg jobba ein periode på Fylkeshuset i Møre og Romsdal og var med på å etablere UNGweb – ein ungdomsportal for dei unge i fylket. I høve Storingsvalet er det etablert eit eige valprosjekt – www.ungweb.no/val-09. Her kan ungdom i fylket komme i nærkontakt med politikarane og politikken på ein enkelt og morosam måte.

UNGweb-val09

Eg ønskjer spesielt å peike på:

  • Politikarkart – med hjelp av Google maps kan ungdom i fylke sjå kor stortingskandidatane bur i fylket. Kanskje dei oppdagar kva for politikarar som kjem frå sitt eige nærmiljø? Kanskje nærleiken til politikaren vil gjere politikken litt meir interessant?
  • Politikarane svarar – her kan ungdom spørje partia – og dei får svar! takka vere eit godt samarbeid mellom UNGweb og dei politiske parti i fylket.
  • DebattgrafDebattgraf – dette er rosina i pølsa. UNGweb har latt tradisjonelt diskusjonsforum ligge og lagt det den gode samtalen opp som tankebobler. Inspirasjonen er henta frå debategraph.org og vidareutvikla for UNGweb. Spørsmål og kommentarar kan komme inn via web, men også sms/mms. Kvar veke kjem det ut eit nytt spørsmål som ungdom i fylket kan ta stilling til med ja/nei/veit ikkje, eller lenge resonnement.

august 25, 2009

Asiat på tur

Det er ikkje så ofte eg får tid og høve til å lage litt video, men i går fekk eg leika meg litt att. Video er moro og av og til dukkar det opp nokre små øyeblikk.

Eg er spesielt nøgd med den asiatiske turisten som vimsa rundt. Heilt tilfeldig, sjølvsagt.

Musikken er henta frå Free music archive som er fylt med gratis CC-lisensiert musikk. “I Feel Fantastic” av Jonathan Coulton. Videoen er lage til kampanjen “De som stemmer bestemmer” som skal få studentar til å stemme.

august 3, 2009

Tog vs. Buss

Etter å ha lese Aslak Bonde i Morgenbladet og Georg Arnestad i Sogn avis har eg pådrege meg tankar og meiningar om bussen. Dette har berre auka på etter å ha nytta meg av buss til og frå Sogn to gonger denne sommarferien.

Tog er “inn”

CC: From Flickr by Jeff McCrory

CC: From Flickr by Jeff McCrory

Tog er “inn” under valkampen i år. Hurtigtog er det alle vil satse på. Dei som er skeptiske til hurtigtog er ganske teite, dei som er for eit sånt tog tenkjer på jorda vår. Hurtigtog skal liksom redde miljøet i Noreg og pådra oss god samvit for karbonutsleppa våre.

Hurtigtoget skal helst gå mellom Oslo og Trondheim/Bergen. Toget må helst ikkje ha for mange stopp undervegs, då mistar ein den høge farten. Det betyr at det ikkje er mange plassar mellom storbyane som får nytte seg av dette fantastiske framkomstmiddelet. Det blir mest eit framkomstmiddel for byfolket.

Buss burde vere meir “inn”

Men det har vist skjedd mykje innanfor bussteknologien dei siste åra. Bussane er større, betre å sitte på og det er god plass til kroppar på 190cm. Bussane har tilbod om trådlaust internett, pulverkaffi og lokale aviser. Rutebussane i Noreg transporterar om lag 340 millionar passasjerar. NSB har om lag 50 millionar passasjerar. Litt fleir enn i 1946.

“Om vi let tredjeparten av dei store togsubsidiane gå til ekspressbussar, kan det gå 1.759 høgstandarbussar med 24 avgangar i døgnet i kvar retning innom alle kommunar i landet. Billettpris: kr 0.-”

Dette ifølgje Idar Mo, ein bussentusiast.

Så,

CC: from Flickr by thebigmg

CC: from Flickr by thebigmg

kva skal ein satse på i dette lange landet? Kva skal vi bruke pengane våre på? Det er klart desse kjappe toga kan redusere flytrafikken mellom byane. Men kva med alle dei andre folka som vil flytte på seg?

august 2, 2009

Dagens sitat

Heime i Sogn forklarar far korleis alt heng saman med å sitere Blaise Pascal:Blaise Pascal

All men’s miseries derive from not being able to sit in a quiet room alone

og far har jo sjølvsagt rett, som alltid.